Anette Hougsrud og Sigrid Haugen utnemnt som æresmedlemmer ved Sør-Aurdal Historielags årsmøte på Soltun, Garthus 19. februar 2026.
Bakgrunn
Sør-Aurdal Historielag vart oppretta i mars 1980 og heilt sida starten har laget hatt mange kunnskapsrike, engasjerte og dyktige medlemmar. I formålsparagrafen står det at «laget har til formål å vekke interesse og skape forståing for Sør-Aurdal si historie, og at det skal arbeide for å spreie kjennskap til kulturarven og kulturminna våre». Dette er ein ambisiøs formålsparagraf som ikkje hadde vore mogeleg å gjennomføre om det ikkje hadde vore for alle dei historieinteresserte og dyktige medlemmane som har virka i laget gjennom desse 45 åra.
Historielaget har utnemnt fleire æresmedlemmer sidan starten, i alt 12 personar. Alle desse er kjende for den store innsatsen dei gjorde for å ta vare på og formidle den rike kulturhistoria vi har i kommunen, kvar på sin måte. Styret har vedteke å utnemne to nye æresmedlemmer som vil føye seg inn i rekka av store kulturpersonar i Sør-Aurdal.
Anette Hougsrud
Den fyrste vi vil heidre i kveld, er ein person som er aktiv på mange områder, både i lokalsamfunnet og i kommunen generelt. Om vi held oss på det historiske planet, har ho i ei årrekke hatt ei svært viktig rolle i fleire ulike prosjekt i historielaget. Ho har bidraga sterkt ved å skrive om og dermed sikre mykje lokalhistorie for ettertida. Artiklane har vore grundige og interessante og omhandlar spennande historie frå heile kommunen. Ho kom inn i skriftkomiteen for Sagn og Soge i 2004 og var med på utgjevinga av heile åtte hefter, til og med det som kom ut i 2018.
Ho gjorde ein stor jobb gjennom mange år i prosjektet med innsamling og registrering av lokale stadnamn. Innsamlinga som starta i 1998 hadde komitear i alle bygder. Seinare gjorde ho mykje av etterarbeidet med innskriving på data og sikring av det innsamla materiale. No er arbeidet med lokale stadnamn fullførd og det er mogleg for alle å gå inn på digitale kart på nettet for å sjå resultatet.
Prosjektet om skogshyttene i Sør-Aurdal vart bok som kom ut i november 2024. Også her gjorde ho ein formidabel innsats med å reise rundt i skogane fjern og nær, for å finne fram til bortgøymde og bortgløymde skogshusvære, for så å fotografere, måle opp, registrere, ringe rundt til eigarane, og ordne alt stoffet. Boka vart godt motteke og salet har ført til gode inntekter for laget. Vi vil med dette utnemne Anette Hougsrud til nytt æresmedlem i Sør-Aurdal Historielag. Tusen takk for innsatsen!
Sigrid Haugen
Vi har enda eit medlem som vi vil heidre i kveld. Denne personen har gjort, og framleis gjer, ein stor innsats på fleire områder i lokalsamfunnet. I historielagssamanheng har ho vore med i fleire ulike prosjekt, men det er særleg på eit område ho har utmerka seg og det er i arbeidet med å nå formålet til historielaget.
Ho kom med i skriftkomiteen for Sagn og Soge i år 2000 og er framleis aktiv der. I 25 år har ho hatt mykje å seie for arbeidet med hefta og korleis dei vart sjåande ut ved utgjevinga. Det er, og har vore, mange dyktige folk i redaksjonskomiteen, men det er ho som er redaktøren og som held i trådane! Ho tek i mot stoffet og legg det inn på data. Ho har den store oversikten, har korrekturen på tekstene, fordeler oppgåver og sørger for god kommunikasjon mellom alle komitémedlemmane. Når stoffet er klart til trykking er det ho som har kontakten og ordnar alt det praktiske i samanheng med utgjevinga. Distribusjonen av hefta er og noko ho tar mykje av ansvaret for. Ho har sjølv bidrege med fleire artiklar og er no, saman med skriftkomiteen, godt i gang med hefte nr. 23 som kjem ut før jul i 2026.
Ho kom inn i styret i historielaget som varamedlem i 2012, i to år var ho og med som fast styremedlem, og framleis er ho med som varamedlem. Ho deltok og i arbeidet med Skogshytteboka og gjorde ein stor innsats der med både innsamling og korrekturlesing.
Vi vil med dette utnemne Sigrid Haugen til nytt æresmedlem i Sør-Aurdal Historielag. Tusen takk for innsatsen!