| |
Publisert: 21.06.20 |
I Andeby
har dei onkel Skrue – i Sør-Aurdal tante Skrue
Avisa Valdres
av Bjørn Karsrud Publisert:19. juni
2020 Det er mykje humor og godt humør
i Sør-Aurdal kommunestyre – også når folk går av. Torsdag vart økonomisjef
Karin Stegarud takka av under kommunestyremøtet. Sør-Aurdal: – Du blir omtalt som tante Skrue, for det er jo
du som passar på pengane vår. Og du har stålkontroll, det har det stått om
i avisa, sa Marit Hougsrud som kunne forsikre at det stemmer. – Du kan forklare kvar einaste linje i rekneskap og budsjett.
Spør vi om noko, får vi alltid svar. Eg har ikkje opplevd at du er sett fast.
Du har hatt god kontroll på rekneskap og budsjett. Det har vore din jobb å
passe på pengane. Men det var også godt å høyre at du her om dagen
innrømte overfor meg at bruker vi ikkje pengar, så blir det heller ikkje
utvikling. Du har ikkje berre god kontroll på pengane, du har også vore
ein omsorgsfull person, sa Hougsrud, som overrekte Stegarud blomster
og hengekøye i avskjedsgåve. – Tusen takk. Eg blir veldig rørt og veldig glad over å høyre slike
ord. Men som eg har sagt, dette har ikkje vore ein einkvinnesjobb. Eg har
klart jobben takka vera dei gode folka og det gode arbeidsmiljøet rundt
meg, sa Stegarud, som også var glad for den tilliten politikarane har gitt
administrasjonen. Stegarud blir pensjonist og sluttar i jobben i september, men før
det skal ho også avvikle sommarferie. Dette var hennar siste kommunestyremøte. |
Nettsideansvar: Reidar Schlytter |