B



Publisert:  16.12.20  

Av­gangs­ele­va­ne i Sør-Aurdal: Det bes­te på tre år – og over na­sjo­nalt nivå

 

Auke: Ved Hedalen barne- og ungdomsskole har elevtalet auka siste året. Foto: Bjørn Karsrud

Klipp fra avisa-Valdres av Bjørn Karsrud 15. desember 2020.

 Til­stands­rap­por­ten for grunn­sku­len i Sør-Aurdal vi­ser at av­gangs­ele­va­ne i kom­mu­nen har gode resultatet å vise til i sku­le­å­ret 2019–2020.

Sør-Aurdal: Sør-Aurdal skå­rar bra i antal grunn­sku­le­po­eng som av­gangs­ele­va­ne fekk med seg vå­ren 2020. Antal grunn­sku­le­po­eng ligg over gjen­nom­snit­tet for Inn­lan­det og na­sjo­nalt.

– Re­sul­ta­tet er det bes­te dei tre sis­te åra for av­gangs­ele­va­ne frå kom­mu­nen, går det fram av til­stands­rap­por­ten som blir pre­sen­tert for kom­mu­ne­sty­ret tors­dag.

Re­sul­ta­tet frå eleveundersøkinga vi­ser el­les at Sør-Aurdal ligg likt med snit­tet na­sjo­nalt når det gjeld støt­te frå læ­ra­ren på 7. trinn og over snit­tet på 10. trinn. Læ­rings­kul­tu­ren ligg over og likt med gjen­nom­snit­tet na­sjo­nalt.

Språk­kom­mu­ne

Når det gjeld meist­ring, ligg ele­va­ne likt med og over det na­sjo­na­le prestasjonsnivået.

Sør-Aurdal har dei to sis­te åra hatt språk som sær­skilt satsingsområde med del­ta­king i pro­sjek­tet «Språk­kom­mu­ne». Kom­mu­ne­sty­ret har i den sa­man­hen­gen vedteke ein språk­plan for Sør-Aurdal kom­mu­ne som sku­la­ne og bar­ne­ha­ga­ne job­bar et­ter. Re­sul­ta­ta for 5. trinn vi­ser li­ke­vel ein sam­la til­ba­ke­gang for kom­mu­nen i faga le­sing, rek­ning og en­gelsk. Det same ser ein i en­gelsk på 8. klas­se­steg.

Men gjen­nom­snitt­le­ge stand­punkt­ka­rak­te­rar i norsk, en­gelsk og mat­te vi­ser ei for­bet­ring for alle des­se faga i sku­le­å­ret 2019–2020.

Jamt over vi­ser rap­por­ten po­si­ti­ve re­sul­tat, men det er også for­bet­rings­po­ten­si­al på flei­re om­rå­de. Det gjeld blant anna «sku­le­bi­drag». Sku­le­bi­dra­get vi­ser kor mykje sku­la­ne har bi­dre­ge med til læ­ring hjå ele­va­ne sa­man­lik­na med bi­dra­get på lands­ba­sis. I Sør-Aurdal låg det­te bi­dra­get i sku­le­å­ret 2018–2019 un­der lands­gjen­nom­snit­tet.

Sku­le­rap­por­ten vi­ser el­les at det for sis­te sku­le­år berre var Bagn sku­le, der alle læ­ra­ra­ne had­de god­kjend ut­dan­ning. Sam­la sett har pro­sent­an­de­len med god­kjen­de læ­ra­rar gått ned. Kom­mu­ne­sty­ret har ved­te­ke ein kom­pe­tan­se­plan for sku­la­ne i kom­mu­nen, der må­let er å opp­fyl­le kom­pe­tan­se­kra­va i opp­læ­rings­lo­va.

Lite på in­ven­tar og ut­styr

El­les vi­ser rap­por­ten at den de­sent­ra­li­ser­te sku­le­struk­tu­ren og be­ho­vet for spe­si­al­un­der­vis­ning med­fø­rer at Sør-Aurdal har høg lærartettheit, små un­der­vis­nings­grup­per og fær­re læ­ra­rar per elev enn gjen­nom­snit­tet. Kom­mu­nen har ligge høgt i mål­te drifts­ut­gif­ter per elev, men sku­le­å­ret 2019 har Sør-Aurdal iføl­gje rap­por­ten his­to­risk låge kost­na­der per elev i in­ven­tar og ut­styr, sa­man­lik­na over tid og na­sjo­nalt.

Fol­ke­ta­let i Sør-Aurdal går ned. Det gjer seg også ut­slag i antal ele­var. Sis­te året er elev­ta­let re­du­sert med fem. Elev­ta­let gjekk ned ved Bagn sku­le og Beg­na­da­len skole, men det auka på He­da­len barne- og ungdomsskole og på Sør-Aurdal ungdomsskole. Det­te har resultatet i fær­re læ­rar­års­verk sam­la sett.



Nettsideansvar:  Reidar Schlytter