Publisert: 29.10.19 |
Folkevandring til tunnelen Stor folkefest då samferdselsminister Jon Georg Dale opna nye E16 inne i Bagnskleivtunnelen Klipp fra avisa Valdres Av Bjørn Karsrud Publisert: 29. oktober 2019, Klipte over snora: Samferdselsminister Jon Georg Dale klipte over snora og erklærte E16 Bagn-Bjorgo for offisielt opna, flankert av ordførar Marit Hougsrud i Sør-Aurdal og ordførar Knut Arne Fjelltun i Nord-Aurdal. Rundt 800 personar møtte fram og bidrog til at det vart folkefest då samferdselsminister Jon Georg Dale opna E16 Bagn-Bjørgo tysdag. Bagn: – E16 er ein av dei
viktigaste vegane aust-vest. Vi vestlendingar liker å bruke E16 når
vi skal koma oss til Austlandet. Men vegen er også viktig for alle dykk som
bur langs vegen sa Dale, som også trekte fram det aspektet at den nye vegen
gjer det tryggare for alle trafikantar å ferdast langs denne E-strekninga. Minte om ulykka Men samferdselsministeren
nytta også høvet til – i likskap med distriktsvegsjef Trygve Elvsaas – å
minne om at eit menneskeliv hadde gått tapt under vegarbeidet. Dette
var ei ulykke som ikkje skulle ha skjedd. – Det var ei trist ulykke.
Eg vil sende varme tankar til familie, venner og kollegaer, sa Dale. Men
for alle andre vart 29. september ein gledas dag. – For veldig mange
har no fått ein tryggare veg å kjøre på, sa Dale. Som sunnmøring er
Dale også glad i å spara pengar. Derfor var han svært godt fornøgd med at vegen
vart billigare enn budsjettert. Han oppfordra valdrisane
til å jobbe ufortrødent vidare med vegprosjekta, og var også glad for å
kunne seia at regjeringa har foreslått å setja av rassikringsmidlar
til Kvamskleiva i 2020-budsjettet. – De har no fått ein
fantastisk veg, og ein betre vinterveg. Dette er ein milepæl i vegutbygginga.
Men bruk vett og forstand når de tek vegen i bruk, oppfordra Dale før han klipte
over snora og erklærte vegen for opna. Fornøyd
leder av transportkommiteen på Stortinget, Helge Orten var på plass
sammen med en bunadskledd prosjektleder i Statens vegvesen, Therese Høy. Bagn bru: Her var det folksomt tirsdag, Alle ventet ute i Sola. Mye folk: Det var et sted mellom 800 personer som la turen til Bangskleivtunnelen tirsdag. De måtte gå ca en kilometer innover i tunnelen. Det var mange som fikk blomster tirsdag.
|
Nettsideansvar: Reidar Schlytter |