| |
Publisert: 24.06.18 |
Positivprisen for 2018 gjekk til Valdresskigard ANS på Leirskogen. Klipp fra avisa-Vadres av Bjørn Karsrud Pris: Oddvin Sørbøen (nummer to frå høgre) hadde med seg fleire av medarbeidarane då han mottok Positivprisen frå ordførar Kåre Helland. F.v. Øystein Kleven, Øystein Skattebu, Thomas Fenn og Trym Flaget. Foto: Bjørn Karsrud Leirskogen/Bagn: Ordførarar Kåre Helland delte ut prisen under siste kommunestyremøte før ferien. – Eg må takke dei mange flinke folka eg har med meg og som står på for bedrifta, sa dagleg leiar Oddvin Sørbøen då han tok mot prisen. Han nytta også sjansen til å takke si tolmodige kone, Kari Albertsen Sørbøen. Fleire typar skigard Valdresskigard vart etablert i 1996. Selskapet produserer skigard på gamlemåten med staur av seinvakse gran, behandla furu, kløyvde skier og vierbinding forsterka med ståltråd. Valdresskigard AS produserer forskjellige typar skigard: Ståltråd og granstaur Ståltråd og 50–50 gran / impregnert staur Ståltråd og 50–50 gran / Koparimpregnert staur Vier, ståltråd og granstaur Det blir selt mest impregnert staur og ståltråd og skigardstubb med vier/ståltråd på om lag to meter. Kåre Helland kunne under utdelinga opplyse at firmaet har vakse sidan etableringa og no er blant dei fremste leverandørane av skigard i Sør-Norge. 70 prosent av monteringa av skigard har dei i Valdres, resten er fordelt rundt omkring på Austlandet. Kjend varemerke – Valdresskigard har vorte eit anerkjent varemerke, sa Helland. I 2017 hadde selskapet ei omsetning på fem millionar kroner. Valdresskigard har fire faste tilsette og to-tre sesongarbeidarar på sommartid. Dagens eigarar er Oddvin Sørbøen og Gunnar Fossholt. Dei har utvida produktspekteret og sel portar, grinder, portalar, benker og bord, andre tregjerde og ved. Valdresskigard har både produksjonslokale, lager og kontor på Leirskogen. Dei utfører også mindre snikkaroppdrag. Ønsker kundane å gjera jobben sjølv, kan kundane kjøpe skigardsmaterialar og portstolpar av Valdresskigard. Positivprisen vart delt ut for fyrste gong i 1990. Prisen går til personar, bedrifter, lag og organisasjonar som året før har bidrege til å skapa og spreie positive idear og haldningar i Sør-Aurdal. |
Nettsideansvar: Reidar Schlytter |