B



Publisert:  17.10.16 

Foredrag om Pedor Piltingsrud og arbeidslivet i mellomkrigstida

Gunhild Vegstein Leite

Foredrag på Piltingsrud i dag (16.10.16) og nesten 40 frammøtte fekk bli med på ei tidsreise tilbake til starten på 1900-talet.

Historikar Harald Berntsen fortalde om arbeidslivet i mellomkrigstida. Vi fekk vere med på framvoksteren av arbeidarrørsla og dei første tiåra med industrialisering.

Vi fekk vere med på arbeidskonfliktar og lock out. Ja, stikkorda han starta foredraget med "frå klassekamp til klassesamarbeid", ga oss eit godt bakteppe før Anne Marit Noraker frå Valdresmusea fortalde om Pedor Piltingsrud.

Han vart skildra som ein kreativ, teknisk interessert, kontroversiell mann langt framme for sin tid, men også  som ein mann av si eiga tid. Biletet av han vart fylt ut med historier om han frå salen.



Dagen vart avslutta med ein guida tur opp til Pedorhula like ved garden. Tusen takk til gardseigar Rasmus Piltingsrud, Harald Berntsen og Anne Marit Noraker for ein lærerik ettermiddag på Piltingsrud!



Foto: Gunhild Vegstein Leite



Nettsideansvar:  Reidar Schlytter