| |
Publisert: 25.09.15 |
Biltrafikken like stor Av Bjørn Karsrud (Publisert: 24. september 2015, kl. 18:35) BEGNADALEN: Statens vegvesen hadde rekna med at trafikken på E16 gjennom Begnadalen skulle bli mindre etter at vegbommen vart sett opp. Trafikktala for juli og august tyder ikkje på at bilistane let vera å kjøre E16 i Sør-Aurdal på grunn av bommen. I juli var det ein samla årsdøgntrafikk på 3.356 kjøretøy forbi teljepunktet på E16 i Begnadalen. Dette var 19 fleire kjøretøy i døgnet enn året før, eller 589 kjøretøy totalt. I august var trafikken tilnærma lik. Då var årsdøgntrafikken på 3.016 kjøretøy, mot 3.015 i august i fjor. Vegbommen i Sør-Aurdal kom i drift 8. desember i fjor. Bom: Bommen ved Bergsund førte ikkje til mindre trafikk i juli og august. Foto: Bjørn Karsrud |
Nettsideansvar: Reidar Schlytter |