B

                            Valdres Bygdeungdomslag


Publisert:  27.01.14  
Vinterstevne på Bagn 31.01.14-02.02.14

Vi i Valdres Bygdeungdomslag har fått gleda av å arrangere Oppland bygdeungdomslag vinterstevne.

Norges Bygdeungdomslag er ein frivillig organisasjon av og for ungdom som skapar aktivitet på bygda i store delar av landet. I Oppland står bygdeungdomslaget sterkt og engasjerer mange.

Vi i Valdres bygdeungdomslag er sjølvsagt stolte av å skulle arrangere vinterstevne, ei tevlingshelg for ungdom frå heile Oppland.

Det skal blant anna tevlast (konkurerast) i motorsag, bløtkakepynting, borddekking, swing og spekematanretning. Arrangementet avlsluttast med bankett - så det er eit variert program for alle som deltek.

Vinterstevnet går føre seg på Bagn nå til helga, den 31. januar – 2. februar.

Det er reikna med at det kjem omlag 50 ungdommar frå heile Oppland til Valdres denne helga, i tillegg håper vi å engasjere flest mogeleg lokale ungdommar.

Med venleg helsing
Valdres Bygdeungdomslag v/ Guro Lajord (Tlf: 95 000 553)



Nettsideansvar:  Reidar Schlytter