B


Superserie: Odd Kolsrud skaut 350 poeng med 35 innertiarar i Fortun sist helg. Foto: Tommy Bjørke

Publisert:  29.05.14   

Kolsrud med ny superserie

Fra avisa-Valdres har vi tatt inn følgende artikel:

Fortun: Odd Kolsrud (74) frå Begnadalen skytterlag er ein iskald skyttar. Sist helg skaut han nok ein gong 350 poeng på 35 skot, der alle skota var innertiarar. Det byrjar nesten å bli kvardagskost for Odd Kolsrud. Ikkje mindre enn sju gonger har veteranen planta samtlege skot i innartiaren. Superserie nummer åtte kom laurdag ettermiddag. Då synte valdrisen nok ein gong solid skyting og drog frå skytebanene med fulle hus.

Maks i Fortun
Leikanger skytebane laurdag føremiddag: Superveteranen synte endå ein gong imponerande innsats med 350 poeng og 33 innertiarar.

På ettermiddagen, same dagen, klinte han til med endå skarpare innsats, 350 poeng og 35 innertiarar i Fortun. 350 poeng vart det også på Kaupangerskogen og på Farnes si skytebane i Øvre Årdal, med høvesvis 32 og 31 innertiarar. På Knipenborg si bane måtte Kolsrud tola «berre» 349 poeng. Samanlagt vann Odd Kolsrud suverent klasse V73 med 1749 poeng, tre poeng føre Arnold Haugen frå Fana.

Solid helse

Av merittane kan det nemnast at 74-åringen frå Begnadalen har vorte dobbel meister, felt og bane, i Landsskyttarstemnet dei to siste åra.

- Etter innsatsen i Fortun reiser eg over fjellet og heim. I morgon blir det ny turné i Østfold med stemne i Blaker, Urskog og på Høland/Bjørkelangen, seier Kolsrud



Nettsideansvar:  Reidar Schlytter