E 16
| |
Publisert: 20.03.14 |
Finansieringen er sikret vedr E16-utbygginga Bagn-Bjørgo Reidar Schlytter Sør-Aurdal fikk melding på kommunestyremøte torsdag kveld om at finansieringen av E16 nå var brakt i orden. Dette skapte jubel og glede og ordfører Kåre Helland spanderte champagne på kommunestyremedlemmene for å feire at nå blir det endelig ny vei (med tunnel) fra Bagn til Bjørgo. Her kan du lese et utklipp fra artikel i avisa-valdres 20.03.14 vedr saken. Regjeringa går inn for å redusere bompengesatsane og auke framdrifta for vegprosjektet E16 Bagn - Bjørgo i Nord-Aurdal kommune i Oppland, heiter det i ei nyleg utsendt pressemelding. Det er viktig å sikre god framdrift slik at vi får til ei mest mogeleg kontinuerleg vidareføring av det pågåande vegprosjektet Fønhus - Bagn. Det er meiningslaust med vegstrekningar der ein byggjer etappevis og med pausar imellom. Vi vil også bidra til å redusere bompengenivået som blei lagt til grunn av den førre regjeringa, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Bompengesatsane for den planlagde utbygginga av E16 Bagn – Bjørgo kan ventast å bli redusert med om lag 27 prosent, samanlikna med dei satsane som tidlegare er lagt til grunn for prosjektet. Regjeringa går no inn for at dei statlege løyvingane til prosjektet skal auke med 120 millionar kroner samtidig som det skal løyvast 40 millionar kroner ekstra til prosjektering for å sikre rask framdrift. Utbygginga av den om lag 11 kilometer lange strekninga i Nord-Aurdal i Oppland, er i handlingsprogrammet til Statens vegvesen rekna å koste 1320 millionar kroner. Etter det opplegget som regjeringa no går inn for, skal 300 millionar kroner av dei samla kostnadene finansierast ved innkrevjing av bompengar, medan 1020 millionar kroner skal finansierast ved løyvingar over statsbudsjettet. I tidlegare finansieringsopplegg var det føresett 420 millionar kroner i bompengemidlar og 900 millionar kroner i statlege løyvingar. Tofelts veg og 4,3 kilometer tunnel E6 Bagn – Bjørgo er del av ei viktig rute for trafikk mellom Oslo og Bergen og for trafikk innan og til og frå Valdres. Vegen har i dag dårleg standard, han er svingete og smal, og han manglar gul midtstripe på det meste av strekninga, seier samferdselsministeren. Den nye vegen skal leggjast i ein 4,3 kilometer lang tunnel mellom Bang og Klossbøle og deretter følgje om lag dagens trasé til Bjørgo. Vegen skal byggjast ut til tofelts veg. På dei delar der vegen går i dagen blir vegbreidda på 8,5 meter, medan tunnelen får to felt og ei breidd på 10,5 meter. Prosjektet er siste del i utbygginga av E6 på den i alt 21 kilometer lange vegen Fønhus – Bang – Bjørgo i Valdres. Arbeid på den første delen, den 10 kilometer lange strekninga Fønhus – Bagn i Sør-Aurdal og Nord-Aurdal, tok til i 2012 og blir ferdig hausten 2014. Ny lokalpolitisk behandling Planane for prosjektet, med det nye finansieringsopplegget og lågare bompengesatsar, skal liggje til grunn for ny lokalpolitisk behandling. Arbeidet med å planleggje og prosjektere strekninga kan halde fram, og det må dessutan gjennomførast ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Dersom det blir lokalpolitisk tilslutnad til det opplegget som no ligg føre for utbygging og finansiering, vil regjeringa leggje saka fram for Stortinget i løpet av 2014 , med sikte på at anleggsarbeidet skal ta til i 2015 og vere ferdig i 2018. Reduserte bompengesatsar Med det finansieringsopplegget som regjeringa no går inn for og med byggjestart i 2015, vil passeringstakstane bli 52 – 57 kroner for lett bil og 156 – 171 kroner for tung bil. I det tidlegare finansieringsopplegget var det lagt til grunn 72 – 77 kroner for lett bil og 216 – 231 kroner for tung bil. Foto: Reidar Schlytter |
Nettsideansvar: Reidar Schlytter |