Publisert:  28.06.12

Informasjonsbrev frå

Veke 26:

Ingen sommar utan dyr på beite! På stølen på Valdres Folkemuseum beitar no gamle norske storferasar side om side med spælsau frå Tisleidalen. I gamle Kviistunet kan oppleva grisar, kaninar og høner – som vekslar mellom og slikke sol og å gøyme seg for regnet.

I Rognebygningen underheld hallingdansar Martin Berger og spelkvinnene Ragnhild Kolsrud og Ingrid Fossum. Gled deg til å sjå gode gamle dansar som springar, halling og bonde. Krambua Søvelheim er open i sommar. Her er det Ingebjørg Persvold Ranheim som styrer og som sel godt gamaldags snop. Tysdag og fredag demonstrerer Anne Aaberg veving i Prestøy-bygningen. Sjefsguide i sommar, Ingrid Fossum, gjev daglege omvisingar på engelsk, tysk og norsk.

I butikken sel vi lekre varer, og i kafeen kan du kose deg med nysteikte vaflar eller herlege lønsjrettar.


Utstillingar:

· Lomen-madonnaen og stolpar og plankar frå Fystro og Øde stavkyrkje

· Trøbilutstillingen ”Småfolk i farta”

· Menighetssøstrenes drakter gjennom 100 år

· Folkekunst: skåp, tiner, instrument og tekstil

· Hattar frå Aslaug Heggelunds mote- og manufakturforretning

· Bunadar og folkedrakter

Opningstider/prisar

· Måndag – sundag mellom kl 10:00 – 16:00

· Vaksne kr 75,-

· Student/honør kr 65,-

· Barn (7-16 år) kr 35,-

· Familiebillett (to vaksne og to barn) kr 180,-

Bagn Bygdesamling

Ligg fem kilometer sør for Bagn sentrum. I sommar kan du oppleva dyr på beite (geiter, høner og kaninar) og flotte utstillingar (Ikon-utstillinga opna førre sundag, les meir om denne på www.valdresmusea.no). I museumsbutikken får du kjøpt kaffi og vaflar. Opningstida er tysdag til sundag frå klokka frå klokka 11.00–16.00.

Bautahaugen Samlinger

Ligg i Hedalen, ei mil frå Begnadalen kyrkje. Sommarsesongen startar tysdag 26. juni og varar i åtte veker. Opningstida er tysdag til sundag frå klokka 12.00–16.00. I opningstida serverer vi kaffi og vaflar i Brakastuggua. Temalaurdag 30. juni: Tægerarbeid og lefsebakst.

Velkommen!

Venleg helsing

Hanne Rime
Valdresmusea as
Tlf. 61 35 99 00
www.valdresmusea.no

Bautahaugen Samlinger, Bagn Bygdesamling, Gardbergfeltet, Valdres Folkemuseum og Norsk institutt for bunad og folkedrakt












 
FOTO:  


Nettsideansvar:  Reidar Schlytter