Publisert:  24.03.11 Valdreskappleik i Sør-Aurdal!

Karen M. K. Garthus

Laurdag 2. april blir Valdreskappleiken 2011 arrangert på Sør-Aurdal ungdomsskule på Bagn. Det er Begnaljom spel- og dansarlag som står for kappleiken, som er ei tevling i folkemusikk og runddansmusikk med tilhøyrande fest og dans.

Kappleiken plar samle unge og eldre utøvar frå heile Valdres, og i blant kjem det også tilreisande for å måle seg med valdresspelemenn og ?dansarar.

Mellom kappleiken og festen blir det også tid til ein konsert med følgjande lokale utøvarar:
Erland Joplassen, Daniel Storengen, Gudbjørg Fønhus Stensrud, Langeleik gruppe og Begnaljom Spelemannslag.

Fest med finalekonsert

Det meste av kappleiken går på dagtid, medan kvelden er tid for konsert, premieutdeling og dans etter orkester og spelemenn, både runddans og bygdedans. Men litt tevling er lagt til kveldstid, for då blir det finalespel. Årets runddanspar skal også kårast under dansefesten. Her kan alle runddansglade slenge seg med meir eller mindre på sparket.

Påmelding

Tevlingsleiar Runar Kolsrud oppmodar alle folkemusikarar og ? dansarar om å melde seg på så fort som råd. ? Bruk nettadressa www.paamelding.folkemusikk.no, seier han. Skulle nokon få hug til å delta på sparket, opnar hanfor påmelding fram til kl 14.00 laurdag 2. april. ? Bli med og lag ein minnerik kappleik, anten som deltakar enn publikum, avsluttar han.

Program

Kappleikskontoret opnar kl 11.00
Kappleik 12.00 - 17.00
Konsert med lokale utøvarar 18.00 - 19.00
Premieutdeling 19.00 - 19.30
Finalespel ca. 19.30
Danselæte ca. 20.00 - 24.00

Kåring av beste runddanspar mellom 22.00 og 22.30

Inngang og påmelding:
Vaksne kr. 130
Ungdom (12-18 år) kr. 100
Born (0-12 år) gratis
Billetten gjeld både på dagtid og for festen om kvelden.

Arrangør er Begnaljom spel- og dansarlag

Karen M. K. Garthus
2930 Bagn
Tlf 48025964

Se plakat vedr stemne på Sør-Aurdal ungdomsskole den 2. april, klikk her....


Nettsideansvar:  Reidar Schlytter