| |||
Publisert: 18.09.11 |
Signe Kvåle og Kristen Matias Hyrve, I år vil vi prøve starte jakta i kyrkja! Med ei messe for elgjakt, for natur og miljø, for vennskap og for samhold. Jakta har lange og gode tradisjonar hos oss, og mange aktive jegarar skal ut i skog og mark dei kommande vekene. Jakt er heilt nødvendig forvaltning av ressursane i naturen og ei viktig side av hushaldninga for mange i bygdene våre. Bak vellukka jakt ligg både hardt arbeid og stort tolmod. Og ikkje minst ein stor respekt for naturen og rikdommen den gir oss. Noko av alt dette har vi lyst til å samanfatte i ei gudsteneste, som også lar oss takke for naturrikdommen, be om godt og tenleg ver, og om varsomheit og klokskap i møte med utfordringane og kvarandre. Etter ei kort gudsteneste vil vi også ha ein forhåndssmak av jegergryte, for å skjerpe appetitten på delikatessene vi har i vente i haust. Det er fint om jegrane tek med seg våpenet sitt, sjølvsagt utan sluttstykke og ammunisjon, og set dette i våpenhuset medan messa pågår. Der vil våpna bli passa på av vakt. Det ville vore veldig artig om jegrar i år kunne tenkje seg å innlede jaktida, ei eiga høgtid på hausten for mange, i kyrkja. Vel møtt Signe Kvåle, sokneprest Kristen Matias Hyrve, kyrkjeverge og jaktinstruktør | ||
Nettsideansvar: Reidar Schlytter |