Sør-Aurdal kommune Ny barne- og ungdomskontakt


Publisert:  11.02.09
No har Bente Kristin Skjærstein slutta som barne- og ungdomskontat, og eg har take over. Eg heiter Mari Bergum og gler meg til å ta fatt på jobben!
Eg jobbar kvar veke, måndag til torsdag.
Eg skal væra ein kontaktperson for alle barn og ungdommar i kommuna!
Eg har kontor på Solbraut, men vil farte ein del rundt omkring på alle barne- og ungdomsskuler.
Barne- og ungdomskontakten skal væra eit LÅGTERSKEl tilbod, det vil si at alle som vil kan ta kontakt, det kostar ingenting, det er ingen ventetid og du vil få hjelp med ein gong.
Du kan ta kontakt om det er noko du vil prate om, det kan væra kva som helst!
Vi treng ikkje sitte på kontoret å prate, vi kan gå ein tur eller finne på noko anna. Vi kan treffast i skuletida eller etter skuletid.

Du får lett tak i meg, ring eller send ei melding til tlf 916 63 308. Du kan også sende ein
e-post til mari.bergum@sor-aurdal.kommune.no


Bente Kristin                                                            Marie



Nettsideansvar:  Reidar Schlytter