Bagn Bygdesamling | |
Publisert: 16.12.09 |
Opplandsarkivet tek vare på private arkiv Åse Østgård Hagen Dei fleste av oss kjem i løpet av livet til å skape eller ta vare på arkivmateriale. Om nokre år vil dette ha historisk interesse. Det kan fortelje framtidige generasjonar om vår tid og våre liv. Mange arkiv etter foreiningar, bedrifter og privatpersonar vert kasta, brend eller øydelagde på grunn av dårleg oppbevaring. Dette må forhindrast. Ved å ta vare på kjeldene gjev vi menneske i framtida betre høve til å forstå vår levemåte, våre gleder og våre problem. Opplandsarkivet tek vare på private (ikkje offentlege) arkiv. Det fins ni avdelingar i Oppland som tilbyr privatpersonar, foreiningar og bedrifter oppbevaring av arkiv. Arkiv kan deponerast eller gis som gåve til Opplandsarkivet sine avdelingar. Der blir arkiva registrert, ordna og lagra på ein forsvarlig måte i brannsikre rom. Arkiv kan klausulerast, det vil si å sikre dei mot innsyn i samråd med arkivskapar. Opplandsarkivet kan og gje faglige råd om avlevering og oppbevaring av arkivmateriale. Arkivpersonalet gjev rettleiing til alle som ynskjer å bruke materialet. Bagn Bygdesamling er ei avdeling av Opplandsarkivet og tek imot private arkiv. I dag er det lagra om lag 130 arkiv i brannsikkert rom på museet. Har du, eller veit du om nokon arkiv som bør takast vare på for ettertida, store som små, ta kontakt med Bagn Bygdesamling på telefon 61347749 måndag og torsdag, eller ring avdelingsleiaren på tlf. 41458457. |
Nettsideansvar: Reidar Schlytter |