Publisert:  21.11.09 Kolsrud med fantastisk skyting

KåRE STRANDE

Publisert 21.11.2009 - 00:01


Odd Kolsrud (70) frå Begnadalen smelte bokstaveleg til med ny norsk rekord på 60 skot liggjande då sportsskyttarane i Oppland hadde sitt krinsmeisterskap i Fåberghallen sist helg.
 


 
 
 
Fantastisk skyting: Odd Kolsrud (70) frå Begnadalen er framleis stø på handa, nesten støare enn nokon gong.
 

Med 587 poeng sletta han sin eigen rekord på 50 meters hald i veteran 70 år, og følgde opp med knallgod skyting også i halvmatch, der han enda på 544 poeng. 70-åringen skyt i denne greina for Nordre Land sportsskyttere.

Fem poeng
Kolsrud forbetra rekorden med heile fem poeng, frå 582 poeng, og 587 er eit sterkt internasjonalt resultat i denne klassen. Kolsrud skyt mange stemner gjennom sesongen, men dette var noko av det råaste Kolsrud har utført med gevær nokon gong. Det vart i alle fall lagt spesielt godt merke til i skyttarmiljøet.

Sterk Holden
I halvmatch for klassen V55 vann Jørgen Holden frå Fagernes sportsskyttere med 556 poeng laurdagen. Den same Holden skaut same dagen glimrande 587 poeng på 60 skot liggjande. På halvmatchen sundag skaut den døve toppskyttaren frå Røn 549 poeng. På 60 skot liggjande skaut Holden 578 poeng sundag, som var poenget bak sigerherren i V55, Bjarne Budsberg. Arrangørar av stemnet var NTG Lillehammer og Gudbrandsdalen Sportsskyttere.


Nettsideansvar:  Reidar Schlytter