Nyheter


Publisert:  08.06.04

Dette er førebels program for Midtsumartreffen på Bagn

Fredag 18.06

Kommunen har invitert ungdom mellom 20 år og 25 år til dialog på Tingvoll frå kl 19.00 til 22.00
Handelstanden i Bagn kjører midtsommarprisar.

Laurdag 19.06

Fotballturneringa for dei mellom knøtt og 16 år startar kl 10.00. Vi spelar med 5er lag. Vi brukar aldersinndelinga til kretsen, men vi har gutar og jenter på same lag. Det vert kampar på fire banar samstundes.

Er du interessert så meld deg på til din trenar eller ditt idrettslag.

Idrettslaga melder på sine lag til Jørn Damslora innan 13.06 på jorn.damslora@start.no eller 93468644

Kl 12.00 – 14.00 vert det knøtteturnering på to banar. Dei yngste spelarane til Nes, Begnadalen, Hedalen og Bagn møtast til dyst.

Oppsettet for kampane kjem på heimesidene til bygdene i veke 25.

Slike luftige svev opplever vi neppe på Fossvang denne helga, men det vert skatekonkurranse frå klokken 11.00. Samstundes opnar fyrste del av skateparken. Wheeli box, flatrail og curb kjem i denne runda. Resten kjem i september.

Domar i skatekonkurransen vert Gunnar Løge. I 2003 vart NM i skateboard arrangert i Horten i eit anlegg Løge bygde. Før og etter konkurransen vil Løge gje nokre nyttige tips til ivrige skatere.
Bagn og Reinli jeger og fiskerforening arrangerer kaste sluk på blink konkurranse. Kven har best presisjon av slukfiskarane i området? Konkurransen går frå 10.00 til 16.00.

Gunnar Løge (t.h) er enda betre til å sjonglere enn til å skate. Rett etter skatekonkurransen opnar han koffertane med sjongleringsutstyr så du kan prøve. Greier du det ikkje så har Løge lova å kome med gode tips. Er du heldig så får du og ein demonstrasjon av hans kunstar.

Ca kl. 14.00 kjem Bagn musikkorps innom.

Ca kl 13.00 tenner vi grillane. Grillmaten held de sjølv. Det vert sal av vaffel og drikke om nokon gløymer å ta med det.

Kl. 10.00 til 13.00 er det konkurranse i miniatyrskyting. Det er fullt mogleg å skyte utan å delta i konkurranse. Du betalar berre kostpris.

Kl 16.00 sluttar sandvolleyball-turneringa. Det skal vere 3 jenter på laget. Når turneringa startar kjem ann på kor mange lag som melder seg på. Blir det mange lag delar vi etter nivå, slik at alle det så artig som rå. Volleyball er i hovudsak for dei over 16 år.

Laga meldast på til Jørn Damslora innan 13.06 på jorn.damslora@start.no eller 93468644

Oppsettet for kampane kjem på heimesidene til bygdene i veke 25.

Store delar av handelstanden i Bagn markerar helga med gode midtsommartilbod.

Kl 16.00 er det avspark i kampen mellom SAFK/Fagernes og Ringebu/Fåvang.

Sundag 20.06

Kl 09.00 startar Pilgrimstaven si vandring frå Reinli stavkyrkje til Bagn kyrkje. Den skal vere framme til messa startar kl 11.00. Etter messa er det kyrkjekaffe.

Rett etter messa startar historielaget og idrettslaga ein fottur til Bagnsbergatn. For dei som tykkjer det er langt å gå kan vi røpe at det går bilveg dit og. På garden ventar ein gaid som veit det meste av det som hende på Bagnsbergatn desse dramatiske dagane i april 1940. Bagnsbergatn er og ein av 12 turar på trimkarusellen til idrettslaga.

Arr: lag og foreiningar i Sør-Aurdal (Det er framleids plass til fleire aktivitetar)


jd


NettsideansvarOle Bjarne Strømmen